Om oss
Hovden Ved AS leverer ved i Valle, Bykle og Hovden. All ved i storsekker er ved av lokalt bjørketømmer i Agder og Telemark. Veden blir tørka på tradisjonell måte. Vi held til på industriområdet i Bykle. Ut i frå lageret her leverer vi fleire tusen sekker i året. Det er mogleg å henta veden her, eller få den levert. Vi leverer òg større kvanta i løsvekt på bestilling.